TRE GENERASJONAR I HAGEBYEN

TIDSPUNKT: Lørdag 12:00 - 16:00 
 
ADRESSE: Falsens vei 41 og 43 
TYPE: Tomannsbolig 
BYGGEÅR: 1928 
ARKITEKT: Jon Knudsen 

Falsens vei 41 og 43 er teikna av Jon Knudsen i 1928, og er ein av tre tomannsboligar i Falsens vei, som dannar midtpartiet i eit heilskapleg hageby-kompleks ved Leaparken. 
Arkitekt Karoline Kalstveit og familien kjøpte huset av Ingeborg i 2013. Ho var då 96 og hadde budd der sidan huset blei bygd - som barn, mor og bestemor. 
 

I løpet av tolv år har familien kontinuerleg endra huset, for å gje rom til fleire barn, ein bestefar, og nye behov, og for å ta tilbake dei opprinnelege kvalitetane ved huset. Siste grep var å erstatta ein stor 90-tals treveranda, med to balkongar i stål. 
I Falsens vei 41 og 43 får ein besøka eit historisk eksempel på hus som står tett, i ein hage som er privat, men som òg opnar seg mot familiane i nabohusa. Ein varig og robust grunnstruktur som står seg som generasjonsbustad etter nesten 100 år. 


Fotograf: Karoline Kalstveit 
Tekst: Karoline Kalstveit 


Previous
Previous

FASTINGS MINDE