Foto: Helge Skodvin


SKRIVESTUE GRØNNESTØLSVEIEN

Tilbygg i massivtre

Tidspunkt: Lørdag og søndag kl. 12-16.00

Adresse: Grønnestølsveiebn - Minde

Arkitekt: a-works / Cristian Stefanescu

Type: Tilbygg/anneks

Byggeår: 2019-2020

Studioet er tenkt som ein enkelt skur-lignande konstruksjon, der rom, materiale og konstruksjon tar sikte på eit klart og tydeleg uttrykk. Det fungerar som eit sted for alenetid og arbeid som, når det trengs, kan opnes opp for å bli et sjenerøst familierom og ein forlenging av hagen sjølve konstruksjonen sitter i. Det 13 meter lange volumet strekk seg vannrett utover eit skrånende landskap, forankret til bakken i den eine enden og kviler på eit enkelt punkt på toppen av ein stein i den andre enden, som om det hele svever.

Enkeltvolumet består av fem påfølgande rom: ein overbygd inngang, vestibyl, skriverom, bibliotek og lesesal, kvar ein med unik romlig karakter. Konstruksjonen er laga av prefabrikkerte CLT -paneler montert på staden, vegger, gulv og tak med ein tykkelse på 90 mm, dører, hyller og møbler på 60 mm. Alle andre element - tak, takfot, skyvedører, vindu og inngangstrinn - er av aluminium.

Andre komponenter som vanligvis fins i byggekonstruksjoner nyttast ikkje: ingen luftsperre, isolasjon eller dampsperre, og ingen andre innvendige/utvendige overflatematerialar. Konstruksjonen er tilnærma som ein samling av ulike deler, alle tydeleg uttrykt. Innvendige vegger er synleg bolta gjennom den utvendige fasaden og avslører deres posisjon, slik som ein seksjonert røntgen eller ei tradisjonell tømmerhytte.

Taket, vindauget og dørene festes direkte til treets utside, uten hette, deksel eller trim, slik at flaten til kver enkelt komponent, dens materialitet og montering blir fullt leselig. Det resulterande bildet er like enkelt som ein barneteikning: eit skur som sitter på toppen av ein stein. Det du ser er det du får, og det du får er det du ser til det øyeblikket eit 10-tonns volum kviler på eit enkelt punkt og alt faller frå kvarandre i ei handling av magi og spenning.

Garden studio Bergen, Norge Program : Garden studio Tiltakshaver: Privat Tomt: Bergen, Noreg År: 2019-2020 Volum: 50 kvm Arkitekt: a-works | architecture + art, arkitekt Cristian Stefanescu, Sebastian Uthaug Bygningsingeniør: Blackwell Structural Engineers Massivttre: Øystein Boge AS Steinfundament: Fana Maskin AS Ildsted: Jøtul Elektrisk arbeid: Twå Elektro AS Aluminium vindu/dører: Gjesdal aluminium Aluminium tak: Plannja AS Foto/ Ref. Ved bilde. Tekst/ Katie Åtland

Foto: Helge Skodvin


PROGRAM 2023

Sentrum

Starefossen

Nesttun + Paradis